Elevar frå 8C saman med kontaktlærar Ingrunn Hole testa dei nye syklane med tur til Rystelandet. Sykkelparken ved Ørsta ungdomsskulen vart opprette for femten år sidan. For tre år sidan var parken oppgradert med tolv nye syklar, og med støtte frå Ørsta sanitetslag, Lions Club Ørsta, G-Sport Ørsta, Bygg1 og Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal vart ti nye syklar inkludert i sykkelparken denne veka. Ungdomsskulen og kroppsøvingsseksjonen er takksame for støtta til fornyinga av sykkelparken.

– Ungdomane er viktig å satse på, og det er flott at dei får seg syklar og kan kome seg ut. Vi støttar ungdomar og vi støtte eldre kvar sine gongar, og vi tykkjer at dette prosjektet var veldig positivt, seier Turid Åmbakk i Ørsta sanitetslag.

Ungdomsskulen og sanitetslaget har blitt einige om å samarbeide rundt fastelavens. Elevane skal vere med å bitte fastelavnsris i februar saman med medlemmar i sanitetslaget. Elevane skal også selje fastelavensris, og om det kjem inn nok pengar kan det bli ein ny sykkel til sykkelparken.

– Eit flott prosjekt

– Vi har sponsa tre syklar, og dette var midt i blinken for oss. Vi fokuserer mest på ungdomar og har støtta Raudøya-prosjektet med ganske mykje midlar. Rundt sykkelparken er det ungdomane sjølv som held syklane ved like er bra. Sykkelparken ved Ørsta ungdomsskule er eit flott prosjekt, seier Kristian Ose Silseth i Lions Club Ørsta.

G-Sport Ørsta har levert syklar til sykkelparken for tredje gang.

– Dette er eit flott tiltak, og det å ha eit klassesett gjer at alle kan kome seg på tur og utstyret er inga hindring. Vi har også fått leverandøren av syklane med på laget, og dei tykkjer at sykkelparken er eit flott tiltak.Med nye og gamle syklar består sykkelparken ved Ørsta ungdomsskule no av 37 velfungerande syklar som elevane kan nytte.