Dei hadde eksamen, men fekk fri nokre minutt for å vere med på folkerøystinga om kommunesamanslåing.

For elevane i tiande klasse på Sæbø skule var torsdagen spesiell. Ikkje berre var det avgangseksamen i ungdomsskulen, men dei fekk også vere med på eit val for fyrste gong.

I folkerøystinga om kommunesamanslåing har kommunestyra i Ørsta og Volda vedteke at røysterettsalderen vert senkt frå atten til seksten år. Det vil seie at dei som fyller seksten år i år hadde høve til å vere med på folkerøystinga.

Fortel om nei-stemning

Elevane i avgangsklassa på Sæbø skule stilte alle opp, og var med på valet.

Det er hemmeleg val, og difor skal ikkje elevane spørjast om kva dei røyster. Men dei kan seie litt om stemninga.

– Dei fleste røyster nei, seier elevane i kor.

Elevane var ikkje dei einaste som røysta då vallokala opna tidleg ettermiddag torsdag.

Frå Norangdal

Nokre pensjonistar hadde kome til i god tid, og frå Norangdal kom eit følgje med ferja for å røyste.

– Det er langt å reise for å røyste. Neste gong vert det vil i Dalsfjord vi må møte opp ved eit val, skjemtar Jon Arne Nordang.

Men han og dei andre vert straks meir alvorlege.

– Det er for gale at vi må ta oss fri ein halv dag for å røyste. Rett nok var det føreåtrøysting på Urke, men det var få som fekk med meg. Det var det for lite informasjon om, seier Steinar Nordang.

Eigen valkrins

Aller helst ynskjer dei at Norangsfjorden skal verte ein valkrins igjen.

– Det hadde vore betre om vi kunne røyste i lokale i vår eigen fjord. Om desse lokala hadde vore på Lekneset, Urke eller i Norangdal, hadde ikkje vore så viktig. Vi fryktar det er svært få frå Norangsfjorden som er med på røystinga denne gongen, seier Jon Arne Nordang.

– Ja, det hadde ikkje gjort noko om ein kutta føreåtrøystinga på Urke, for føreåtrøyste kan vi gjere i Ørsta. Då hadde det vore betre å ha hatt opne vallokale ein stad i Norangsfjorden på sjølve valdagen, seier Edith Flakk Nordang.