Det seier dagleg leiar av Standal Knuseverk, Asgeir Standal.

Det var temperatur på Store-Standal tysdag då Ørsta formannskap var på synfaring til knuseverket – og i samtalar både med dagleg leiar av Standal knuseverk, Asgeir Standal og sju grunneigarar.

Grunneigarane meiner Asgeir Standal, har brote både ein grunneigaravtale, driftsvilkår og reguleringsplanen for knuseverket. Ifølgje reguleringsplanen har Asgeir Standal fem år på seg på å føre tilbake inngrep i knuseverket etter masseuttak, og stelle til og føre tilbake områda.

Handling

– Denne saka er ei stor skam. No krev vi at politikarane handlar. Dei har vore alt for sløve i denne saka. No får vi sjå kven som bestemmer i kommunen, om det er Asgeir Standal eller politikarane, seier Jørund Standal, ein av grunneigarane.

Grunneigarane krev at Standal Knuseverk snarast følgjer opp vilkåra i reguleringsplanen og tilbakefører areal.

Asgeir Standal er oppgitt over grunneigarane, og meiner han ikkje har gjort noko gale. Områda som skal førast tilbake er Flåtene nord i området og Holen/Øverlandet. Flåtene ligg ved knuseverket sitt administrasjonsbygg.

– I dette området har Tussa bygt kraftverk og røyrgate. Tussa skal føre tilbake området der, men det har dei ikkje gjort, og då kan eg heller ikkje starte tilbakeføring av arealet, seier Asgeir Standal.

– Vi har også ein driftsplan som no er klar for rullering. Ulike årsaker gjer at ting går seint, men eg er veldig godt nøgd med det vi har gjort. Vi har brukt femten millionar på å flytte kai og byggje veg, seier Standal.

Når det gjeld tilbakeføring i området Holen/Øverlandet meiner Asgeir Standal det er uråd å gjere dette no.

– Det er alt for tidleg. Vi må ta ut masse før vi kan ordne til skråningane, seier Standal.

Lukka

Ordføraren lukka delar av møtet då formannskapet handsama saka. Formannskapet valde å sende saka til administrasjonen som skal følgje opp saka.

Møre-Nytt kjem med meir i papirutgåva laurdag.

Asgeir Standal er oppgitt over grunneigarane på Standal. Dei krev at han snarast innfrir krava i reguleringsplanen for knuseverket i bygda. Foto: Roy-Arne Folkestad