Det byggjer seg opp eit høgtrykk i Østersjøen, som meteorologane trur kjem innover Sør-Noreg ut i veka.

- Det er usikkert kor langt det trekker. Men dersom det kjem over Sunnmøre snakkar vi om tørt vêr og høge temperaturar. Då kan det fort bli over 20 grader, seier statsmeteorolog Anders Sivle til smp.no.

Dei førebelse prognosane til Yr viser at godvêret kjem til Sunnmøre. Allereie torsdag varslar dei 18 grader. Termometeret held seg i dette området også i helga, før det er varsla eit nytt hop måndag. Då varslar Yr 24 grader. Det er likevel grunn til å åtvare mot at desse prognosane førebels er usikre.

Storm sine prognosar for Ørsta har noko lågare temperaturar, men også dei forventar at termometeret kryp over 20 grader måndag.

Det blir likevel truleg ikkje sol frå skyfri himmel. Det er venta skya vêr alle dagane, men ikkje regn.