Sjølve folkerøystinga blir gjennomført 19. mai, men det er høve til å førehandsrøyste på rådhuset fram til 13. april. Det er også førehandsrøysting på Volda rådhus. Folk må røyste i den kommunen dei bur i.

Om lag 20 personar har nytta røysteretten sin til no, opplyste Ørsta kommune tidleg fredag ettermiddag.

Få svar om det du lurer på om kommunesamanslåing her

Alle som har fylt, eller som fyller, 16 år i løpet av 2016 og som står oppført i manntalet har røysterett. Du må ha med legitimasjon for å få røyste.

Det er også høve til å brevrøyste for dei som ikkje er i Ørsta/Volda på valdagen eller under førehandsrøystinga.

På valdagen 19. mai blir det høve til å røyste desse stadene: Ørsta bedehus, Hovde skule, Dalane skule, Vartdal skule, Sæbø skule og Forsamlingshuset Haukly på Bjørke.