– Ein avtale om beredskap har nok i eksistert i lang tid, om ikkje på papir, så i høgste grad i realiteten, seier korpsleiar Helge Vatne.

Det som no er nytt at det er skrive ein formell avtale, og det er etter initiativ og ynske frå Norges Røde Kors.

– Føremålet med skriftlege avtaler er først og fremst auka medvit om roller og ansvar. Og at det vert endå meir fokus på den samla beredskapen i Røde Kors lokalt i katastrofesituasjonar, seier Vatne. Dette gjeld også kapasitet utanom sjølve hjelpekorpset, sjølv om tyngda av det Røde Kors kan medverke med, ligg her.

– Ørsta si historie har nok dessverre medført at vi er svært så medvitne om rolla vår i katastrofesituasjonar mellom anna. Men arbeidet med å tenkje gjennom og forme ut ein slik avtale er bra for oss fordi vi får gått igjennom alt vi har å medverke med, seier Vatne.

Avtalen

I avtaleteksten heiter det at avtalen skal stimulere til samarbeid mellom Ørsta kommune og Ørsta Røde Kors i beredskapsarbeidet. Utgangspunktet er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap sin visjon om eit trygt og robust samfunn, der alle tek ansvar, og der Røde Kors sitt oppdrag vert å avdekkje, hindre og lindre menneskeleg naud og liding.

I situasjonar der samarbeidet kjem i konflikt med med redningsaksjonar eller oppdrag underleiing av politiet, må samarbeidet avklarast.

Av avtalen går det fram at Ørsta Røde Kors skal vere representert i den kommunal beredskapsnemnda, og at organisasjonen ved behov stiller med representant i den kommunale kriseleiinga.

Røde Kors skal medverke under søk og redning, ved evakuering, ved pårørandesenter, ved førespurnad i det kommunale kriseteamet og med frivillige i helse- og omsorgstenesta viss det er naudsynt.

Ikkje minst gjeld samarbeidet samband, der Røde Kors med sitt VHF-samband har store dekning og kapasitet.

Det er også klargjort at det kan verte bedt om hjelp frå Røde Kors i andre kommunar og fylke viss det viser seg behov for det.