Mannskap frå Ørsta Røde kors, hjelpekorps, deltok i ein leiteaksjon som politiet på Sunnmøre sette i verk ved Fjellsetra i Sykkylven onsdag kveld. Aksjonen vart avslutta rundt klokka 22, melde smp.no. Politiet hadde då konkludert med at ingen var tekne av skredet, og at skredet er ein til to dagar gammalt.