Kvart år tek Helfo imot om lag 600.000 førespurnader frå privatpersonar og aktørar i helsevesenet.

Helfo sitt rettleiingssenter ligg i Tønsberg og Ørsta og er kontaktpunkt for privatpersonar. I 2014 opna også eit eige rettleiingssenter i Ørsta for helseaktørar.

– Helfo er ekstremt opptekne av å yte god service til alle som tek kontakt, og den nye løysinga vil gjere det mykje lettare å kople relevant kompetanse til kvar enkelt førespurnad. Samstundes er måten vi kommuniserer på i konstant endring, og den nye løysinga skal lege opp til nye dialogflater for brukarane, som chat, SMS og sosiale medium, seier Gunnar Mørne som er direktør for helseområdet i Sopra Steria.

Den offisielle oppstarten var 10. mars. Målet er å rulle ut den nye løysinga til Heflso sine 70 callsentermedarbeidarar i Tønsberg og Ørsta i løpet av året. Helfo vart kåra til beste offentlege kundesenter på Call Center-dagane både i 2013 og 2015. Den nye investeringa representerer ei framleis satsing på betre kundeopplevingar i dagens mangfald av kommunikasjonskanalar.