Måndag la fagetatane Statens vegvesen, Avinor, Jernbaneverket og Kystverket fram sitt felles framlegg til Nasjonal Transportplan.

I framlegget greier dei ut sine ønske om prioriteringar for investering i samferdsle i Noreg i tidsrommet 2018-2029. Det er Stortinget som avgjer dei endelege prioriteringane. Dette er altså berre eit ønske frå fagetatane.

Voldatunnelen (E39 Volda-Furene) er med i prioriteringane for strekninga Stavanger-Trondheim, men berre dersom den økonomiske ramma frå staten blir høg og dersom berre samfunnsøkonomiske kriterium blir lagt til grunn.

Ved ei slik ramme legg fagettane til grunn 600 millionar kroner i statlege midlar til Voldatunnelen, og 300 millionar i annan finansiering, hovudsakleg bompengar.

Dersom samfunnstryggleik og "samanhengande standard og utbygging" blir lagt til grunn i tillegg til samfunnsøkonomi, forsvinn Voldatunnelen ut av prioriteringslista saman med ei rekkje andre prosjekt. I dette tilfellet blir E39 mellom Vegsund og Breivika i Ålesund og E39 mellom Bolsønes og Årø i Molde prioritert på E39 i vårt fylke.

- Godt teikn

Ordførar Jørgen Amdam i Volda meiner det viktigaste i denne omgang er at tunnelen er nemnt av fagetatane.

- Dette er eit godt teikn. Vi hadde fått ein mykje brattare veg dersom fagetatane ikkje ville prioritere Voldatunnelen i det heile. Den høge trafikken gjer at prosjektet er forsvarleg i eit samfunnsøkonomisk perspektiv, seier han til Møre-Nytt.

600 millionar kroner i statlege midlar vil kanskje finansiere om lag 60 prosent av prosjektet, ifølgje Amdam.

- Men dette er svært usikkert førebels, presiserer han.

Statens vegvesen går i gang med reguleringsplanen for Voldatunnelen denne våren, og reknar med at han skal vere klar og godkjent av Volda kommunestyre i 2018.

Dersom også stortingspolitikarane vil prioritere Voldatunnelen på Nasjonal Transportplan, vil utbygginga kunne skje i perioden 2018-2029.

Andre prosjekt

Ørstafjordkryssinga/Hafast/Ferjefri E39:

Som Møre-Nytt skreiv laurdag, blir Ørstafjordkryssinga planlagt som ein mogleg del av ferjefri E39 til Ålesund (Hafast). Statens vegvesen startar no vidare utgreiing av koplingar på strekninga, der følgande løysingar blir vurdert:

1. Langs dagens fylkesveg med nye løp i Eiksundtunnelen

2. Bruløysing frå Berkneset til Hareidlandet

3. Ein meir nordleg og kortare trasé med kryssing av Ørstafjorden og Vartdalsfjorden til Hareidlandet.

Traseen er også avhengig av å vite kvar kryssinga av Sulafjorden vil skje. Det blir planlagt ei trinnvis utbygging av prosjektet.

Vegdirektoratet meiner ei utbygging av Hafast først kan kome i perioden 2030-2035.

Dei foreslår i prioritere ferjefri E39 mellom Stavanger og Bergen først, medan E39 gjennom Sogn og Fjordane og Sunnmøre kjem til slutt.

Utbygging av Møreaksen, E39 mellom Ålesund og Molde, kan bli realisert mellom 2022 og 2029, men dette er svært usikkert, meiner Vegdirektoratet.

E39 mellom Volda og Ålesund, inkludert Voldatunnelen, har ei kostnadsramme på 65 milliardar kroner. Ny E39 gjennom Nordfjord (Byrkjelo-Volda) har ei ramme på 11 mrd. kroner. Møreaksen mellom Ålesund og Molde skal koste 38 mrd. kroner.

Til saman snakkar vi om 114 milliardar kroner, og det inkluderer altså berre E39 prosjekta frå Skei til Molde.

Teknologisk vil det vere mogleg å fullføre ein ferjefri E39 på 20 år. Dei naudsynte bruteknologiane vil verre på plass innan to til sju år, ifølgje Vegdirektoratet. Men det blir svært dyrt. Totalt er det snakk om investeringar på om lag 340 mrd. kroner. Det er også vanskeleg å rekne seg fram til gode anslag for samfunnsnytten av prosjektet.

Nordfjord:

Det er ikkje prioritert midlar til utbetring av E39 mellom Grodås og Kjøs bru. Heller ikkje nye tunnelar på riksveg 15 over Strynefjellet er prioritert.

Det er foreslått 1,1 mrd. kroner i skredsikring av E39 gjennom Våtedalen (mellom Skei og Byrkjelo).

Stad skipstunnel:

Det er lagt opp til ei løyving på 2,3 milliardar kroner til Stad skipstunnel ved ei høg ramme frå staten og med berre samfunnsøkonomi som grunngjeving.

Den manglande lønsemda til tunnelen gjer likevel at det kan bli vanskeleg å få realisert tunnelen, skriv Sunnmørsposten.

Lufthamner:

Fagetatane vil oppretthalde dagens lufthamnstruktur på Vestlandet. Det er ikkje lagt opp til investeringar ved Ørsta-Volda lufthamn Hovden. I siste del av planperioden vil det bli vurdert bygging av nytt driftsbygg og utviding av utlandsterminalen ved Ålesund lufthamn, Vigra. Det kan også vere aktuelt å starte planlegginga av ei lenging av rullebana og nye taksebaner og brannøvingsfelt på Vigra.

Fylkesvegnettet

Vegdirektoratet har rekna seg fram til at fylkesvegnettet i Noreg har eit investeringsbehov på 129 mrd. kroner til vedlikehald og drift. Det er i dag ei årleg underfinansiering på 1,5-2 mrd. kroner til drift og vedlikehald av fylkesvegane.

På fylkesvegnettet i Møre og Romsdal er smale vegar den største flaskehalsen.

Du finn heile plandokumentet med vedlegg her.

Jørgen Amdam er glad for at Voldatunnelen er nemnt i NTP-forslaget.