Natt til laurdag klokka 02.40 fekk politiet melding om bråk i Austefjorden. I samband med ein fest oppstod det konflikt mellom fleire partar med slag og knusing av vindauge.

- Det er berre snakk om mindre personskade. Fleire personar blir melde til politiet, opplyser politiet.

Ein time seinare fann poltiiet ein bil i ei veggrøft ved Elvavegen i Volda. Bileigaren vart lokalisert i heimen. Han vart teken med for å ta blodprøve, og førarkortet hans vart beslaglagt.