Arbeidet med montering av veggelement i nordre del av nye Øyra skule i Volda er no godt i gang, melder kommunen.

– Bygget veks relativt raskt i denne fasen. Veggane med dei gule fargane på biletet, vil vere inngangspartiet for 3. klassetrinnet ved den nye skulen, opplyser dei, og seier vidare at det har vore ein frisk start på det nye året med omsyn til vertilhøva og at situasjonen på byggeplassen har vore krevjande.

Nye Øyra skule skal etter planen stå klart i mars 2017.