Frå og med torsdag og ei god stund framover vert det solskin på Søre Sunnmøre. Men det vert kaldt.

Det melder Meteorologisk institutt.

Tekstvarselet seier at det skal vere nord og nordaust stiv kuling utsette stader torsdag, og på ettermiddag minkande til frisk bris. Skiftande skydekke, enkelte snøbyer.

Fredag er det for Møre og Romsdal meldt nordaustleg bris. Ute langs kysten kan det kome einskilde snøbyer. For det meste vert det pent ver, og lågare temperaturar.

Laurdag og søndag er det meldt opphaldsvêr, lite med skyer, og dermed solskin. Det vil verte kaldt. For Ørsta seier yr.no at det kan kome temperaturar ned mot og under ti minusgrader.