– Høgskulen i Volda har eigentleg rykt tilbake til start i høgskulereforma.

Det skriv Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda, på bloggen sin.

I førre veke kom beskjeden om at Kunnskapsdepartementet seier nei til den planlagde alliansen mellom høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer. Alliansen skulle vere eit alternativ til fusjon.

Roppen ser no føre seg desse alternativa for høgskulen i Volda:

A: Framleis sjølvstende.

B1: Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

B2: Å bli ein del av profesjonshøgskulen for Vestlandet.

B3: Å fusjonere med Universitetet i Bergen.

C: At kunnskapsdepartementet instruerer Høgskulen i Volda.

Roppen er klar på at rektoratet sitt standpunkt framleis er at framleis sjølvstende er det beste alternativet.

– Det er det som sikrar at vi kan konsentrere oss det daglege arbeidet for å bli stadig betre.

Det er høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund som har planar om ein profesjonshøgskule for Vestlandet. Medan styra ved dei to sistnemnde skulane har gitt klarsignal til fusjonsforhandlingar, er Sogn og Fjordane noko meir uklare i sitt vedtak. Dei opnar for sonderingar om fusjon, men vil også ta initiativ til samtalar med Høgskulen i Volda.

Mykje tyder på at Høgskulen i Volda vil bli invitert inn i fusjonsforhandlingane om ein profesjonshøgskule for Vestlandet, dersom styret i Volda ønskjer det.

Når det gjeld Universitetet i Bergen, er samtalane allereie i gang. Her er det førebels ikkje snakk om fusjon, men eit samarbeid på fagleg nivp.

– Eg ser likevel ikkje vekk frå at vi ein gong i framtida kan bli ein del av Universitetet i Bergen, om vi ønskjer det sjølve, seier Roppen.

Han trur det sit langt inne for Kunnskapsdepartementet å tvinge høgskular til å slå seg saman. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) har sjølv sagt at det ikkje blir tvang frå departementet si side, men at det kan bli vanskelegare å nå fram i kampen om midlar i konkurranse med større institusjonar.

Førstkomande onsdag arrangerer Høgskulen i Volda allmøte for å orientere dei tilsette om situasjonen og den vidare prosessen.