Det meiner Per Are Sørheim, gruppeleiar for Høgre i Ørsta og medlem i forhandlingsutvalet for kommunereforma.

Forhandlingane om samanslåing av Ørsta og Volda er no inne i ein svært hektisk fase, og utvalet har møte kvar veke. No blir dei «vanskelege spørsmåla», som dei har vorte døypt, diskutert: Lånegjelda til kommunane, Tussa-aksjane og investeringsplanen for åra som kjem.

Sørheim er godt nøgd med arbeidet så langt.

– Det er ein svært god tone i forhandlingsutvalet, og god kjemi mellom ordførarane Stein (Aam) og Jørgen (Amdam). Det siste er viktig, fordi det ligg mykje ansvar på ordførarane her, seier Høgre-politikaren, og legg til at prosessen i Ørsta og Volda er betre enn mange andre stader.

– Vi har fått skryt frå fylkesmannen for løpet vi har lagt, som skal munne ut i ei rådgivande folkerøysting 19. mai. Det er også viktig å hugse på at dei førre ordførarane, Rune Hovde og Arild Iversen, la eit godt grunnlag for prosessen vi har i dag.

Tillit til ordføraren

Sørheim meiner medlemene i forhandlingsutvalet bør unngå å gå ut med sterke ord og meiningar i fasen prosessen er inne i no.

– No er det tid for forhandlingar, og så skal vi ha ein skikkeleg politisk debatt i neste fase.

Han er i hovudsak godt nøgd med ordførar Stein Aam sitt arbeid med kommunereforma. Likvel nyttar Sørheim høvet til å peike på det han er mindre nøgd med.

– Det er uheldig når ordføraren kjem med kritikk av prosessen på eit møte for Senterparti-ordførarar på Stranda to dagar etter at han var positiv til prosessen i Loen.

Stein Aam har sjølv sagt at kommunereforma er ei vanskeleg sak for han.

– Det har eg forståing for. Ørsta er ein stor Senterpartikommune. Prosessen i Ørsta og Volda er difor viktig for Senterpartiet nasjonalt. Eg har likevel tillit til at ordføraren kjem til å arbeide godt i denne saka, for Ørsta (og Volda) sine interesser. Det har han vore tydeleg på, og då stolar eg på det, seier Sørheim.

To spor

Høgre-politikaren trur den politiske debatten etter forhandlingane vil dele seg i to spor.

– På den eine sida vil vi sjå dei som vil debattere dei verdiane dei to kommunane har i dag, og kva som er ei rettferdig fordeling av ulemper og gode. På den andre sida vil vi sjå dei som er meir opptekne av moglegheitene ei kommunesamanslåing gir oss, og kva vi kan skape i fellesskap.

Sørheim trekkjer sjølv fram tre punkt som blir viktige for han i det vidare arbeidet.

– Vi må først få ei avklaring på korleis vi kompenserer dei verdiulikskapen i Ørsta og Volda. Denne er på om lag 400 millionar kroner i Ørsta sin favør, inkludert Tussa-aksjar og lågare lånegjeld.

– Vidare må vi gjere dei økonomiske konsekvensane av eit ja eller nei til kommunesamanslåing tydelege. Dette gjeld særleg konsekvensane av endringar i inntektssystemet og det at vi får behalde to basistilskot i 15 år dersom vi slår oss saman (basistilskotet er per i dag på 13,6 mill. kroner årleg per kommune, red. merk.).

– Regjeringa sitt forslag til nytt inntektssystem har vore kritisert. Mange meiner det legg opp til tvangssamanslåing, ved å ta inntekter frå kommunar som ikkje slår seg saman. Kva synest du om forslaget?

– Det tek konsekvensen av at fleire og fleire flyttar til meir sentrale strok. Den politiske utfordringa i inntektssystemet er at det skal ta omsyn til dei økonomiske utfordringane i presskommunane samtidig med at det tek omsyn til utfordringar i kommunar med fallande folketal. Men det nye systemet vil likevel framleis ha distriktspolitiske tilskot, seier Sørheim før han kjem med det siste av dei tre punkta:

– Til sist meiner eg det er viktig at vi fokuserer på korleis vi skal samle ressursane i dei to kommunane for å kjempe for at Ørsta/Volda skal bli eit sterkt regionsenter for Søre Sunnmøre og Nordfjord. Vi har fått eit svært spennande oppdrag, og eg har tru på at vi lykkast, seier Per Are Sørheim.