Det går fram av eit skriv ordførar Aam har sendt til Helse- og omsorgsdepartementet.

– Ørsta kommune er særs uroa, og usamde, i planane om å leggje ned akuttkirurgien ved Volda sjukehus. For Ørsta kommune sine innbyggjarar inneber dette eit langt dårlegare sjukehustilbod og lægre livskvalitet i form av utryggleik for eige liv og eiga helse, skriv Aam.

Han meiner noko av det mest urovekkjande er kva som skjer med tilbodet til fødande som soknar til Volda sjukehus viss akuttkirurgien vert lagt ned.

Aam viser mellom anna til vegstenginga på E39 i Rindane i november, då sambandet mellom Ørsta og Ålesund vart stengt – og også omkøyringsmuleghietne vart stengde.

– Dette relativt moderate uveret er eit døme på kor risikabelt det vil vere å byggje ned akuttfunksjonane ved sjukehus i område med vanskelege geografiske og vermessige tilhøve som på Vestlandet, skriv Aam.

Han stiller seg tvilande til om helseministeren har vurdert dette momentet godt nok.