Det sa leiar i Stortinget sin utdannings- og forskingskomite, Trond Giske (Ap), då han tysdag vitja Høgskulen i Volda.

Giske vart orientert om at utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen måndag hadde avvist alliansemodellen som høgskulane i Volda, Lillehammer og Molde har gått for.

Det gjer leiinga ved Høgskulen i Volda veldig uroa.– Vi er uroa og usikre over strukturprosessen som no er i gang. Er det mekanismar som kan sikre lærarutdanning på stader som Stord, Sogndal og Volda, sa rektor Johan Roppen ved Høgskulen i Volda.

Trond Giske gjekk veldig langt i å støtte høgskulen i Volda sitt syn.

– Heile prosessen med moderniseringa av høgare utdanning i Noreg har kome ut i totalt feil rekkjefølgje. Regjeringa burde fyrst ha stilt seg spørsmålet om kva som er målet, og der kvalitet skal vere overordna. Deretter burde dei ha spurt seg korleis ein oppnår gode kandidatar og god forsking. Der etter skulle dei ha spurt seg korleis dette skal verte finansiert, og til slutt sett på strukturen. No tek regjeringa strukturen fyrst. Dette hadde stått til stryk i ei bachelor-oppgåve om styringsprosessar, sa ein svært engasjert Giske.

Han poengterte at han ikkje er i mot samanslåingar, og at det fleire stader har vore samanslåingar som har kome etter eigne ynske på utdanningsinstitusjonane.

– Med det som no skjer, må vi faktisk spørje om vi er i ferd med å avskaffe høgskulane. Det vil i så fall vere i strid med kva Stortinget har sagt, for dette har ikkje Stortinget sagt noko om, sa Giske.

– No verkar det som om regjeringa berre er opptekne av teljekantar, og trur dei er handlekraftige om dei slår institusjonar. Men det er det enklaste av alt. Det som krev tid er kvalitet, innhald og gode forskingsmiljø, og det orkar ikkje regjeringa å gjere noko med, sa Giske.

Dekan Aud Folkestad peika overfor Giske på at Stortinget bad om andre løysingsmodellar enn samanslåingar. Då kom Volda, Molde og Lillehammer med alliansemodellen.

– Eg oppfattar at statsråden nektar oss alliansemodell fordi han meiner at det ikkje samsvarar med kvalitet. Viss ikkje denne modellen er eit alternativ – kva er alternativet til samanslåing då? Undra Folkestad.

– Det er berre tull å snakke om storleik når det ikkje vert fokusert på leiing, omstillingsevne og kultur, sa Giske.

<strong>Uroa:</strong> Rektor Johann Roppen og dekan Aud Folkestad er uroa over strukturprosessen.