– No er vi klare for ei massiv ombygging av butikken, seier Sigrid Roth, assisterande butikksjef ved Spar-butikken på Vartdal (Roth Daglegvarer AS), til Møre-Nytt.

Butikken tek no over lokala til banken. Det gir dei moglegheit til å utvide butikken med minst 100 kvadratmeter. – Vi skiftar golvet og får større ferskvareavdeling og fruktavdeling. Vi får rett og slett ein moderne og oversiktleg butikk, som er i tråd med Spar-kjeda sin retningslinjer, seier Roth.

– Vi er nøydde til å satse

Ho vil ikkje at folk langs Vartdalsstranda skal føle seg forplikte til å handle på butikken i bygda.

– Eg vil at folk skal velje oss fordi dei sjølv vil det, og fordi dei ser at vi har eit godt tilbod og ein fin butikk. Det at vi er i Spar-kjeda gjer at vi ikkje er nokon typisk bygdebutikk med dårleg utval. Vi har eit breitt sortiment, og eit godt tilbod på ferskvarer.

Ho har likevel ingen problem med å vedgå at konkurransen er hard i daglegvarebransjen.

– Det finst ingen mellomting. Vi måtte satse for fullt og investere i denne oppgraderinga av butikken, eller legge inn årane. Då valde vi det første. Familien Roth har vore eigarar av butikken på Vartdal sidan 2009. Bjarte Roth er butikksjef, og døtrene hans står klare til å ta over drifta etter kvart.

Skal halde ope

Oppussinga startar i veke 7. Først skal dei nye lokala gjerast klar, før dei tilsette startar på den gamle delen.

– Det kjem nok til bli ein del støy og rot her medan vi held på, men målet er at vi skal unngå å stenge butikken i oppussingsperioden, seier den assisterande butikksjefen. Målet er at den nye butikken skal vere klar til opning rundt midten av april.

Sigrid Roth forsikrar om at Spar-butikken framleis skal satse på lokalmat, og då særleg fisken frå Vartdal-trålarane, som butikken er mest kjend for.

– I tillegg kjem eg framleis til å ha mykje strikkegarn i kjellaren. Det kan hende eg får plass til endå meir når vi får større lokale, seier ho.

Sparebank 1: – Vi satsar på Vartdal

Sparebank 1 Søre Sunnmøre skal framleis ha filial og minibank på Vartdal.

Når butikken tek over lokala til banken, flyttar bankkontoret til mindre og meir tenlege lokale i den andre enden av bygget. Butikken får inngang der banken har inngang i dag, og omvendt.

– Vi vil vise at vi satsar på Vartdal, og at vi ønskjer å vere til stades her så lenge det er grunnlag for det og det er forsvarleg. Likevel så treng ikkje vi så store lokale som vi har i dag. Difor er dette ei svært god løysing for oss, seier Østgaard.

I dag har Vartdal ein av dei eldste minibankane i landet. Han slit mellom anna med kaldt vêr. No syng han på siste verset.

– Vi har bestilt ny minibank, og den er på plass til nyopninga i april. Vi kan ikkje drive den gamle medan vi pussar opp, så i denne perioden har vi inngått ein avtale med butikken om uttak av mindre beløp. Det er først og fremst rådgivartenesta som gjer det viktig å halde oppe bankfiliane på bygdene i den digitale tidsalderen.

– Men det er framleis nokre som likar å gå i banken for å betale rekningane sine, seier Kristin Woldsund, som jobbar på Vartdal-kontoret. Banken held ope til og med neste veke. Då blir kontoret og minibanken stengd fram til nyopninga i april.

– Dei som vil treffe ein rådgivar, er velkomne til kontoret i Ørsta sentrum. Elles har vi eit godt tilbod på mobil og nett, seier Østgaard.