– Kva er grunngjevinga for at vi skal gi 16-åringane røysterett, undra Marit Aklestad (SV).

Paul Kristian Hovden (KrF) stilte det same spørsmålet.

– Det er banebrytande å gi dei røysterett. Vi har ein myndigheitsalder på 18 år. Har vi gode nok grunnar til å seie at 16-åringane skal få røyste? Eg spør ikkje for å vere negativ, men det er prinsippet, sa han.

Eldar Øye frå administrasjonen seier at ein av grunnane er føringar frå fylkesmannen.

– Kommunesamanslåing er viktig for framtidas generasjonar, og det er ønske om å høyre flest mogeleg. Det er ikkje intensjonen at dette skal verte norma ved lokalvala seinare. Dette er ei konkret setting og eit konkret spørsmål som angår også dei unge, sa Øye.

Per Are Sørheim (H) seier at dei i Volda alt har vedteke å gi 16-åringane røysterett 19. mai.

– Det kan ikkje vere slik då at dei unge får seie sitt i Volda, men ikkje i Ørsta. Dette er eit framtidsvedtak, og det er eit viktig poeng å ha med seg, meiner eg.