– Utgraving av nytt industriområde ved Melsgjerdet, om lag 1.400 meter lenger vest vil gjere at ca. 20.000 kbm mineraljord vert disponibelt for tilstellinga av Åmbøhola. Dette vil først kome i gang ved årsskiftet 2016/2017 grunna behov for prosjektering av ny bru frå fv. 655 ved Ørstaelva til Melsgjerdet, melder plansjef Gunnar Wangen og miljøvernrådgjevar Magnar Selbervik til Fylkesmannen.

Dei seier at dei ikkje ser andre realistiske alternativ som kan dekkje opp behovet for naudsynte mengder matjord i rimeleg nærleik.

Avfallsdeponiet Åmbøhola var i drift fram til 1992. I denne perioden var det tillate å fylle ulike typar avfall i deponiet: bygningsavfall, produksjonsavfall utan organisk avfall, emballasje, plast, hageavfall m.v. Det var ikkje tillate å tilføre forbruksavfall eller produksjonsavfall som inneheldt lett nedbrytbare stoff eller kjemikaliar som kunne medføre forureining.Avfallet er alt dekt i ca. to meters høgde med gråmasse. I tillegg skal arealet også få eit topplag med matjord slik at arealet kan nyttast til dyrking av grønsaker/matjord.