Volda kan få eit nytt medie- og kulturhus, plassert på høgskuleområdet (campus) i Volda. Nestleiar i Arbeidarpartiet, Trond Giske, meiner prosjektet er realiserbart.

Giske imponert

- Prosjektet er tenkt realisert som eit såkalla «kurant» bygg. Det vil seie at kostnadene vert dekt inn gjennom husleiga, og at huseigar Statsbygg tek investeringskostnaden. Av erfaring veit eg at slike prosjekt er enklare å få igjennom på statsbudsjettet, sa Giske då han fekk presentert planane på ein lynvisitt i Volda tysdag ettermiddag.

Det nye bygget er ein del av campusutviklingsprosjektet ved høgskulen, der ei arbeidsgruppe frå midten av september har arbeidd med planane for mediehuset.

På campus

Det nye huset har fått teikna eit areal på 4700 kvadratmeter over tre etasjar. Huset er foreslått plassert på austsida av campus mellom Hans Strøm-huset og Berte Kanutte-huset.

– Vi har teke utgangspunkt i arealet mediefaga bruker i dag og flytta tilsvarande areal inn i det nye huset, fortel Pål Aam, som har vore med i arbeidsgruppa.

I tillegg til det nye arealet mediefaga eventuelt vil få i det nye bygget, vil også eksisterande areal som vert nytta i til dømes Hans Strøm-huset i dag også verte nytta i framtida. I dag er mediestudentane spreidd utover campus.

Kulturhus

Ein del av huset er tenkt å vere kulturhus, med ein kultursal som kan romme 500 personar. Skal denne delen verte realisert, må Volda kommune inn i biletet.

- Det er utfordrande å få til dette, men det noverande fleirtalet i kommunestyret er for ein moderat eigedomsskatt. Det kan late seg å løyse å få finansiert kulturhusdelen innafor ramma av ein moderat eigedomsskatt, seier ordførar i Volda, Jørgen Amdam.

Framtidsretta

Mediehusdelen vert uansett viktig, og skal romme det nyaste og mest framtidsretta som er av teknologi.

- Det er interessant, for i ei høgteknologisk  framtid skal journalistar vere multimediale, kommenterte Giske.

Meir om saka i pairutgåva av Møre-Nytt torsdag.