– Kan ordføraren vere samd i at før ein gjer organisatoriske og tenestemessige endringar som påverkar budsjettsituasjonen, bør ein handsame saka politisk fyrst? Er spørsmålet Myklebust stiller.

Bakgrunnen er at som del av munnleg orientering om leige av lokale til kommunal fysioterapi til formannskapet 19. januar vart det opplyst at det kunne verte snakk om nedlegging av Vartdal legekontor i løpet av andre halvår 2016.

Nytt legesenter

Gjeldande vedtak seier at når nytt legesenter er på plass skal legetenestene på Sæbø og Vartdal leggast til det nye legesenteret.

– Ei slik samlokalisering har økonomiske, organisatoriske, transportmessige og kvalitetsmessig konsekvensar. Det er naturleg at slike endringar skjer i budsjettsamanheng og/eller i særskild sak. Ei samlokalisering no vil vere i strid med tidlegare kommunestyrevedtak, og berre kommunestyret kan eventuelt gjere endringar på dette, insisterer Myklebust.

Forsvarleg utgreiing

Han meiner at saka må utgreiast forsvarleg og følgje vanleg saksgang og ende opp med handsaming i kommunestyret – dersom det er ynske frå rådmannen å skunde på ei slik samlokalisering no.

– Det vil vere naturleg å greie ut konsekvensane av ei slik samlokalisering, både for tilsette i kommunen og for brukarane. Saka har økonomiske konsekvensar, og det vil vere naturleg å greie ut korleis endringa påverkar budsjettsituasjonen, kommenterer Myklebust.