Då uvêret Tor fredag vart meldt med storm styrke, heilt opp til orkan, vart det frykta store og omfattande skadar på skogen, også i Volda/Ørsta.

– Uvêret kom som varsla med full styrke fredagskveld, men skadane på skogen så langt ein no har oversikt gjort mindre skade enn ein i alle høve kunne frykte, seier skogbrukssjef i Volda/Ørsta Roger Nedreklepp.

Mindre skadar overalt

Skade på skogen finn ein overalt i kommunane, men ikkje dei store skadefelta som etter Dagmar.

– I hovudsak er det hogstkantar, mindre grupper og enkelttre som er skadd, men i nokre område er skadane meir omfattande, seier Nedreklepp.

Han ber skogeigarane snarast få oversikt kva skade som er gjort i eigen skog. Dei som har større skogskade og er forsikra må ta kontakt med Skogbrand for skadetakst. Alle skogeigarar bør melde frå til kommunen/landbrukskontoret om skadeomfang slik at dei har god oversikt over skogskadane i Volda/Ørsta.

Mykje arbeid

– Sjølv om skogskadane denne gongen heldigvis ikkje var så omfattande som etter Dagmar, er det likevel eit stort arbeid som må gjerast for å rydde opp i skogen. Vi kan ikkje nok streke under at opprydding i vindfelt skog medfører stor risiko for skade, og ingen som ikkje har god røynsle med skogsarbeid skal utføre dette. Om der er interesse vil landbrukskontoret arrangere kurs for sikker hogst i vindfall gjennom Aktivt skogbruk, seier Roger Nedreklepp.