Det vedtok kommunestyret i Volda med 14 mot 13 røyster torsdag. Studentsamskipnaden betalte eigedomsskatt i fjor, men meiner selskapet bør fritakast.

– Eit av dei aller viktigaste tiltaka for å få nye fulltidsstudentar til Volda, er tilgang på rimelegestudentbustader ved semesterstart. Dette er for mange avgjerande når dei takkar ja til einstudieplass. Her har studentsamskipnaden ei svært viktig rolle i rekrutteringa av nye studentar til Volda. Om studenthyblane til SfS i Volda vert dyrare pga. eigedomsskatt, vil dette svekke Volda som studiestad i høve konkurrerande studiestader, heitte det i søknaden.

– Men det er mange verksemder i Volda som er viktige. Eigedomsskatt er til skade for alle verksemder. Her må likskapsprinsippet gjelde, og også studentar må vere med som bidragsytarar, sa Sindre Rotevatn (H).

Anne Lise Fredly (Ap) ville gje fritak.

– Vi har ei plikt til å leggje til rette for samskipnaden som ei god vertskommune, sa Fredly.