Tussa er i gang med oppgradering av turbin og generator på Åmela kraftverk, melder Tussa på nettstaden sin.

Kraftverket har gått med originale delar sidan det vart starta i 1977, og har i løpet av åra produsert nesten 5 milliardar kilowattimar fornybar vasskraft.

Betre utnytting

Oppgraderinga vert gjort for at vatnet skal utnyttast enda betre. Forsking med 3D-verkty lovar den nye turbinen om lag 3 % høgare verknadsgrad, det vil seie at produksjonen aukar med om lag 4 GWh i året. 1 GWh er nok straum til å forsyne eit byggjefelt med 40 bustadhus i eitt år.

Over 9 milliardar omdreiingar

Rotoren er ein del av generatoren i kraftverket, og før rotoren kunne løftast ut med kran, har det vore ei veke med demontering og klargjering. Generatoren på 33 MW held eit turtal på 1000 omdreiingar i minuttet. Det betyr at rotoren i løpet av snart 40 år har gjort godt og vel 9 milliardar omdreiingar!

- Det var ei rivande utvikling i vasskraftbransjen på 70-talet, og det var Kværner som gjerne ville levere det nye designet den gongen. Det har ettertida vist seg særs vellukka, seier kraftverksjef i Tussa, Terje Myklebust.

– Åmela har hatt snart 40 år med problemlaus drift, og etter det eg kjenner til har Åmela det største aggregatet med 1000 omdreiingar i Noreg.

I drift i mai

Arbeidet på Åmela er grundig planlagt, og det er lagt opp til ein stram tidsplan for at vekene utan vasskraftproduksjon skal verte så få som mogleg. I tida fram mot påske vert kraftverket demontert. Mange delar skal brukast opp igjen, og dei vert vaska og vedlikeheldt. Noko nytt ustyr skal inn, mellom anna turbinhjulet.

Frå påske og fram til mai vert kraftverket pusla saman igjen, bit for bit, og gjort klar til å produsere meir kraft av vatnet frå Dalsfjordfjella.