Hendinga som mannen var sikta for skjedde i juni 2015. Mannen hadde drukke nokre øl i Vanylven kommune, og bestemte seg for å køyre heim. Då han køyrde av ferja i Volda vart han stoppa av politiet. Utåndingsprøva 0,58 mg alkohol pr. liter luft, og den sikta hadde ingen merknader til resultatet. Mannen erkjente seg skuldig etter siktinga, og samtykka til at saka vart avgjort ved ein tilståingsdom. Han påpeikte i retten at storleiken på bota, som påtalemynde la fram på 100.000 kroner, var for høg.

Retten fann at både dei subjektive og objektive vilkåra for straff var oppfylt.

I Søre Sunnmøre tingrett vart mannen dømt til fengsel i 21 dagar på vilkår. Fullbyrdinga av fengselsstraffa vert utsett med ei prøvetid på to år. Mannen må betale ei bot på 68.000 kroner, subsidiært fengsel i 15 dagar. Han tapar retten til å føre førarkortpliktig motorvogn for ein periode på 23 månader. Den perioden førarkortet har vore inndrege før dommen er rettskraftig går til frådrag. Mannen må avlegge ny førarprøve for å få tilbake førarkortet.