Det poengterte administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal gong etter gong i møte med representanar frå alle kommunane i Sunnmøre regionråd fredag.

Temaet for møtet, som vart halde i Volda, var den nasjonale sjukehusplanen.

Remme vedgjekk overfor kommunerepresentantane at han skjønar at slike prosessar tidlegare har verka å vere bestemt på førehand.

– Men vi meiner verkeleg at det skal vere gode lokale prosessar, og at det som kjem fram under desse prosessane skal verte lytta til. Det er meldinga vi har fått frå Helsedepartementet. Det må vi ha tillit til, samstundes som vi er klare over at skal de ha tillit til oss, må den lokale prosessen vere god, sa Remme.

Han poengterte dessutan at den nasjonale helseplanen er meir enn akuttkirurgi.

– Det har vorte veldig mykje prat om akuttkirurgi, men det handlar om mykje meir enn det. Han seier noko om t.d. kor mange eldre vi skal verte. Vi må ikkje berre hengje oss opp i strukturspørsmål, men også analysedelen. Her er mange interessante tal, sa Remme.

Volda-ordførar Jørgen Amdam presiserte på møtet at det no måtte verte eit søkjelys på føretaksgrensene.Han viste til trafikktal frå Eiksundsambandet og Kvivsvegen.

– Ingen samband har så mykje trafikkvekst. Det viser at folk går føre med pendling og handel. Vi har granskingar som syner at folk i Hornindal spesielt og også Stryn i aukande grad har Volda sjukehus som fyrste preferanse. Kva gjer vi med føretaksgrensa mot Stryn, og eit tjuetals andre føretaks og regiongrenser. Dette kan verte eit veldig rabalder, sa Amdam.

Volda-rådmann Rune Sjurgard rosa Remme for eit godt innlegg, men sakna økonomien i dette:

– Eg fryktar at økonomien kan kome til å styre dette, for slik eg skjønar det, er dei økonomiske utfordringane formidable. Eg fryktar at slike prosessar vert misbruk av ressursar og spel for galleriet. Får vi reelle val?, spurde Sjurgard.

Til det svara Remme at det skal vere faglege og kvalitative moment som t.d. skal avgjere ei sak som akuttkirurgi ved lokalsjukehusa.Kommuneoverlege Arne Gotteberg i Ørsta og Volda støtta Remme i at det er mange element i nasjonal sjukehusplan som er god.

– Men vi kjem til det springande punktet om akuttkirurgi. De må forsone dykk med at vi er mange som har eit syn på dette, og kjempar for dette. No går vi kanskje på ein orkan, og vi har store erfaringar med beredskap, sa Gotteberg, og stadfesta at han i tidlegare møte med helseføretaket har opplevd at ting har vore bestemt på førehand.

Leiar i Sunnmøre regionråd, Hareid-ordførar Anders Riise, var glad for å ha fått stand møtet med Remme og helseføretaket.

– For regionrådet er det viktig å få i gang prosessane. Vi skal ikkje avgjere noko, for der er kommunane suverene, sa Riise.

Ørsta-ordførar Stein Aam var uroa over kostnadene ved det nye sjukehuset på Molde, og om det ville påverke framtida for tilbodet ved t.d. Volda sjukehus. Til det svara Remme at noko av årsaka til underskotet til Helse Møre og Romsdal er at det vert sett av pengar til den halvparten av kostnaden på 4,2 milliardar kroner ved nye Molde sjukehus som skal vere betaling på lån og avdrag.