– Dette blir eit løft både for beredskapen i Ørsta og for dei som jobbar i Ørsta Brann og Redning, seier brannsjef Einar Ytre-Hauge til Møre-Nytt.

Stort behov for ny bil

Før jul vedtok kommunestyret i Ørsta å investere 4,2 millionar kroner i ny hovudbrannbil.

Det er stort behov for ein ny hovudbrannbil i Ørsta. Dagens bil er frå 1995, og manglar viktig utstyr. Han har mellom anna ikkje utstyr for sløkking med skum. Han har heller ikkje vinsj eller setebelte til mannskapa. Alderen gjer også at faren for driftsstans aukar. Det kan få dramatiske konsekvensar dersom vasspumpa sviktar medan det er røykdykkarar inne i ein bygning.

– No får vi ein bil med moderne sløkkingsutstyr. Det er viktig for kommunen. Dagens hovudbil blir ny brannbil på Sæbø. Så vi får ei oppgradering der også, seier Ytre-Hauge.

Innkjøpet av brannbil skal no ut på anbod. Håper til brannsjefen er at det nye flaggskipet til brannvernet skal vere på plass i Ørsta til jul.

– Det hadde vore ei fin julegåve.

Oppgradert stasjon

I tillegg skal kommunen investere 11,3 millionar kroner i ombygging av brannstasjonen i sentrum. Arbeidstilsynet har avdekt fleire avvik ved arbeidstilhøva for brannmannskapa.

Stasjonen, som vart bygd i 1956, manglar garderobe og dusj for mannskapet og skilje mellom rein og urein sone. Der er heller ikkje eksosavsug for bilane. Stasjonen må også utvidast for å få plass til den nye brannbilen.

– Det største løftet for mannskapet blir nok at vi får på plass eit skilje mellom rein og urein sone på stasjonen, seier brannsjefen.

I desse dagar skriv kommunen under på kontrakten med entreprenøren. Arbeidet er venta å kome i gang i løpet av våren.

– Er Ørsta brann og redning rusta for framtida når desse utbetringane kjem på plass?

– Vi har fleire bilar som treng utskifting, men kostnadane til dette er ikkje på langt nær like store som til ny hovudbil og oppgradert brannstasjon.