Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) kom til Volda tysdag klokka 09.30. Tema for besøket er forslaget om nedlegging av akuttkirurgien ved Volda sjukehus.

Første stopp var rådhuset, der han var i møte med ordførarane i regionen.

Utanfor rådhuset har fleire hundre samla seg til fakkeltog, for å protestere mot nedlegginga av akuttkirurgien.

Det er Folkeaksjonen for Volda sjukehus som arrangerer demonstrasjonen, og ein av parolane er «snu i tide».

– På Sunnmøre er det viktig å kjenne fjellvettreglane, seier Synnøve Rekkedal Hill i folkeaksjonen til Møre-Nytt.

Etter møtet på rådhuset, reiste helse- og omsorgsministeren til Volda sjukehus. Der deltok han på eit allmøte med helseføretaket og dei tilsette på sjukehuset.

Det var Ørsta Høgre som tok det første initiativet til statstrådsbesøket. Ordførarane Stein Aam (Ørsta) og Jørgen Amdam (Volda) sende også brev der dei inviterte Høie til sjukehuset.

Bent Høie svarte på spørsmål frå folket før han gjekk i møte på rådhuset.
Fleire hundre har samla seg til fakkeldemonstrasjon utanfor rådhuset i Volda. Foto: Janne-Marit Myklebust
– På Sunnmøre er det viktig å kjenne fjellvettreglane, seier Synnøve Rekkedal Hill i Folkeaksjonen for Volda sjukehus.