Tysdag besøker helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) Volda. Han avviste tysdag føremiddag at det er avgjort at akuttkirurgien ved Volda sjukehus blir lagt ned som følgje av den nasjonale helse- og sjukehusplanen.

– Konklusjonen kan også bli at det framleis blir akuttkirurgi ved Volda sjukehus, sa Høie til Møre-Nytt etter at han kom ut frå møtet med ordførarar frå Sunnmøre og Nordfjord på Volda rådhus.

Høie streka under at avgjerda skal vere lokalt forankra, og at det er helseføretaket som til slutt avgjer kva funksjonar dei enkelte sjukehusa skal ha.

Ein av ordførarane som deltok på møtet med Høie, var Anders Riise (H) frå Hareid. Han er også leiar i Sunnmøre regionråd.

– Så lenge kryssinga av Storfjorden ikkje er på plass, er Volda sjukehus svært viktig for oss. Utan beredskapsferje er Volda einaste alternativ, sa han under møtet.

Jan Ove Tryggestad, Sp-ordførar i Stranda, drog fram flodbølgjefaren i Storfjorden som eit argument for Volda sjukehus.

– I den nye beredskapsplanen for eit ras frå Åknesrenna, er det krav om evakuering av 10.000 menneske frå bygdene ved det indre fjordbassenget i Storfjorden. Vi blir fysisk avstengde frå Ålesund, og Volda vil vere einaste alternativ, sa han.

Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap) oppsummerte argumenta for framleis akuttkirugi med desse punkta:

– Vi har ein kvardagsregion med over 70.000 personar.

– Det er store avstandar i regionen - med mange fjordar og fjell.

– Rasfare og uvêr skaper vanskar for beredskapen.

– Det er utstrekt samarbeid mellom Volda sjukehus og kommunane.

– Det er god rekruttering til stillingane ved sjukehuset, og sjukehuset fungerer godt i «symbiose» med høgskulen og næringslivet.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie er i Volda tysdag. Foto: Janne-Marit Myklebust