– Vi trur vaktmeistrane har så mange og store bygningsobjekt å halde seg til at det vert for lita tid til kvar av dei, seier Fagforbundet, Utdanningsforbundet, verneombod, inspektør og rektor Harald Bj.Thunem som presiserer at brevet dei har sendt til kommunen ikkje er ein kritikk av vaktmeistrane, eller av det arbeidet dei gjer.

For få vaktmeisterressursar resulterer i at ting som må gjerast på skulen ikkje vert gjort. No handlar det m.a. om å gjerde inne eit område som vert oversvømt ved springflod.

– Det særs viktige arbeidsmiljøforholdet får ikkje den merksemda det fortener. Sjå på arbeidsmiljøet til dei tilsette med stort alvor, seier skulen.