I eit utkast til ein resolusjon skriv dei mellom anna:

«Kommunestyret krev at sjukehuset i Volda held fram som akuttsjukehus med fullverdig akuttkirurgi med grunnlag i at 70.000 innbyggjarar på Søre Sunnmøre og Nordfjord soknar ferjefritt til Volda sjukehus. På grunn av fylkes- og føretaksgrenser er Nordfjord ikkje rekna med i regjeringa sin plan for Volda. Om akuttkirurgi vert nedlagt ved Volda sjukehus, vil næraste tilbod vere i Ålesund eller Førde.

I begge tilfelle må det kryssast fjordar med ferje og med vesentleg lenger reisetid. Samhandlingsreforma og forslag i Nasjonal helse og sjukehusplan vil krevje endå tettare samarbeid med kommunane og med sjukehuset i Volda. I denne samanhengen må fylkes- og føretaksgrensa oppmjukast for å stimulere samarbeid iden nye kvardagsregionen skapt av Eiksundsambandet, Kvivsvegen og komande kommunikasjonsendringar.»

Kommunestyret krev også eiga leiing ved Volda sjukehus.