Måndag stilte fleire representantar frå Ørsta kommune, lensmann Guttorm Hagen og grunneigarane på Årset på synfaring i området det gjekk ras i 2013. Førre fredag gjekk det eit lite jordras og det var så store mengder med vatn at vegen vart oversumt.

– Grunneigaren vil ha strakstiltak her. Det vil vere å sette i gang med å reinske ut området, i tillegg til plastring, slik at dei som bur her vil føle seg trygge om det kjem ei ny nedbørsperiode allereie denne veka og unngå ei ny overfløyming, seier ordførar Stein Aam.

Stiller seg positive

Kommunen har gitt beskjed til grunneigar at dei vil vere med på å finne ei løysing umiddelbart ved å få ei maskin inn i området.