Sjukepleiarane Ann Mari Bjørkedal og Mariann Lorentzen, som jobbar på Ørstaheimen, er to av studentane som no tek vidareutdanning innan demensomsorga på Høgskulen i Volda.

Miljøterapi i demensomsorga er eit deltidsstudium over to semester med samlingar i alt tolv dagar på Høgskulen i Volda i løpet av skuleåret. I tillegg kjem gruppesamlingar og heimelekser. 20 personar frå Sunnmøre og Nordfjord, m.a. sjukepleiarar, hjelpepleiarar, sosialarbeidarar og andre som jobbar innan demensomsorga, tek utdanninga.

Vidareutdanninga er utvikla i eit samarbeid mellom «Sjustjerna omsorg» (kommunane Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven) og høgskulen. Studiet skal bidra til å auke kompetansen i kommunikasjon og miljøterapeutiske prinsipp, primært i arbeidet med personar med demens.

Målet med studiet er å styrkje den pedagogiske og kommunikative kompetansen til personar som jobbar i demensomsorga med tanke på å setje i verk miljøterapeutiske tiltak på dagavdelingar, i omsorgsbustadar og i institusjon. Det handlar kort og godt om å skape best moglege dagar for dei eldre.

Utfordringar

– Bakgrunnen for studiet er at omsorgstenestene i kommunane står overfor store utfordringar i arbeidet med å leggje til rette miljøtiltak for det einskilde menneske. Personale med kunnskap og innsikt er ein føresetnad dersom ein skal lukkast, seier Anne-Sofie Egset, som er emneansvarleg for vidareutdanninga.

Relevant

Ann Mari Bjørkedal og Mariann Lorentzen finn vidareutdanninga svært relevant. Dei er mellom sju tilsette frå Ørsta som no går på vidareutdanninga.

– Kring 85 prosent av dei eldre på institusjonane har ein grad av demenssjukdom utan å vere diagnostisert. Demens er såleis veldig omfattande der kvar enkelt som er råka har ulike behov. Auka kunnskap, og ny kunnskap om metodar i demensarbeidet, kan vere med å gjere dagane for dei eldre endå betre. Dess meir vi lærer, dess tryggare vert arbeidssituasjonen vår overfor eldre. Det handlar ofte om dei små endringane, seier Bjørkedal og Lorentzen.

Dei oppmodar andre om å ta denne vidareutdanninga som fylkesmannen finansierer.

Bjørkedal og Lorentzen vart oppmoda av leiarane sine om å ta vidareutdanninga. Det synest dei er svært positivt.

– Det er viktig at leiarane på institusjonane legg til rette for at tilsette kan få slik tilleggsutdanning, meiner Anne-Sofie Egset.

Ho fortel om gode erfaringar med utdanninga som er gjeve sidan 2008.

– Det er kort veg frå læring til handling, her går studentane ut og praktiserer kunnskapen sin umiddelbart, seier Egset.

Birger Lillesveen, som er fagsjef innan alderspsykiatri ved nasjonal kompetanseteneste for aldring og helse underviste torsdag om tillitsskapande tiltak i demensomsorga. Han meiner kommunane undervurderer satsinga for demensomsorg.

Erkjenne

– Den største utfordringa er å få kommunane til å erkjenne det enorme behovet for satsing. Om 25 år vil det vere dobbelt så mange menneske med demens her i landet, kommunane er ikkje nok medvitne dette, meiner Lillesveen som åtvarar mot sterk nedbygging av institusjonsplassar.