Det sa ordførar Stein Aam (Sp) då Ørsta formannskap denne veka diskuterte vedtaket om å legge området for eit nytt hestesportsanlegg i Ørsta på Sporstøylen. Vedtaket var del av kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda, som vart vedteken i vår.

Protestar

Både grunneigarar og hestesportslaga har protestert mot plasseringa i ettertid, og stilt spørsmål ved den kommunale sakshandsaminga.

Gunnar Wangen i planavdelinga i kommunen har gått gjennom sakshandsaminga, og avviser at Ørsta kommune har gjort noko feil. Det var også formannskapet samde i under debatten tysdag.

– Vi har hatt ein ryddig prosess, men likevel har ikkje saka kome vidare, sa Per Are Sørheim (H).

– Utfordringar

– Vi regulerer dette arealet for hestesportslaga. Om ikkje dei er samde i plasseringa, har vi ei utfordringar. I tillegg har vi protestar frå grunneigarane, sa Hans Olav Myklebust (Frp).

Hestesportslaga sjølve ønskjer at anlegget blir bygt på Daleteigane, slik den opphavlege planen frå 1995 la opp til. Her er det også protestar frå grunneigarane, i tillegg til at omsynet til friluftslivet kjem inn i bildet. Det gjer det lite sannsynleg med eit anlegg i dette området.

Melsgjerdet

Ordførar Stein Aam spelte fram Melsgjerdet som ei mogleg plassering av hestesportsanlegget. Rådmann Wenche Solheim og Gunnar Wangen kommenterte at dette er eit område som Ørsta kommune eig, og som hestesportslaga eventuelt må kjøpe. I tillegg vil denne plasseringa medføre store kostnader til opparbeiding av infrastruktur.

Om eit område innanfor den nye kommunedelplanen skal omregulerast til hestesport, må kommunen revidere planen.

– Det håper vi å unngå med det første, sa Gunnar Wangen.

Omreguleringa av område utanfor planen krev ikkje ein planrevisjon. Ørsta kommune er difor meir positive til dette. Ulempa er at plasseringa då blir lenger vekk frå sentrum.

– Vi har halde på med dette i 25 år. No må vi vere konstruktive og prøve å finne ut korleis vi skal kome vidare i denne saka. Om det kjem gode forslag, vil vi ta imot det med opne armar, avslutta ordførar Stein Aam.