Politiet melde at fylkesveg 67 i Årsetdalen er stengd. Men lokalbefolkninga på Vartdal melder til Møre-Nytt at vegen er framkomeleg. Likevel er vegen stengd, for det er frykt for ras.

Vegen på Svartesida er open.

Førebels handlar det  ikkje om noko skred, men at vatn renn over vegen der raset gjekk for to år sidan.

- Det  som skaper mest problem no, er mange bilar med skodelystne, fortel ein innringjar.

Mange har åtvara mot flaum over vegen der det store skredet gjekk for to år sidan. Lokalbefolkninga har meint at dreneringsrøyra er for smale. Det kan sjå ut som om dei har hatt rett, meiner fleire som har kontakta Møre-Nytt.

Ordførar Stein Aam er varsla om stoda på Vartdal.

- Etter dei rapportane eg har fått, handlar det om eit lite skred. Likevel, vi er urolege, for vi veit ikkje om det kan kome meir.

Han har kalla inn kommunen sitt beredskapsutval for å vurdere uveret som no herjar i Ørsta.

Aam fortel at det også er meldt om flaum i Kunsthuset i Ørsta.

Vatn fløymer over vegen i Årsetdalen.