I oktober starta arbeidet med ny tilkomstveg til Ørsta skisenter, og arbeidet er no ferdigstilt. Den nye tilkomstvegen gjev også eit nytt køyremønster til anlegget, og gamlevegen skal nyttast når publikum reiser frå Ørsta skisenter.

– Vegen var det første som vart gjort. Overskotsmassen frå dette arbeidet har blitt køyrt opp i parkområdet av anlegget, seier driftsleiar Rune Moltudal.

Parkområdet i anlegget har fått ei stor oppgradering og har blitt planert.

– Området har vore veldig ujamt tidlegare. Vi har produserte fleire hundre kubikk meir med kunstsnø enn vi strengt tatt trenger grunna at området ikkje har vore skikkeleg planert. No er det som eit stovegolv, og vi treng mykje mindre kunstsnø og kjem mykje tidlegare i gang i denne delen av anlegget. No når det kom nokre centimeter med snø var heile området kvitt.

I tillegg til planeringa av parkområdet er det også andre forandringar.

– Ruben Dale har bygd opp eit heilt nytt hopp, og han har også lagt opp masse til eit nytt element som vi kan bruke som ein corner nedst i området. Han har gjort ein kjempebra jobb, seier Terje Stokke.

Det er Aurstad som har gjort arbeidet på Bondalseidet, og dei har nytta Bjørdal Maskin som underleverandør.

– Slik ting er det veldig kjekt å vere med på. Vi viser litt att og det er litt for alle. Det har vore ein artig jobb, og vi vonar at dei får veg heilt opp på toppen også, seier Arthur Johan Bjørdal.

– Parkeringsplassane har blitt stelt og dei har rydda godt opp etter seg. Så her ser flott ut, seier Stokke.

I tillegg til oppgraderingane som er gjort har også skiutleiga fått seg eit løft.

– Vi har fått på plass nytt utstyr i både ski, sko og snøbrett. Det har vist seg dei siste åra at det har blitt mykje meir utleige. Dette gjeld på skulekøyringane og at folk vil prøve seg i anlegget.

Det einaste som no manglar for at Ørsta skisenter kan tilby gode forhold er stabilt kaldt vêr eller eit skikkeleg snøfall.

– Vi kan opne delar av anlegget viss vi får ei veke med gode temperaturar. Historisk sett skal det gå bra å få opna anlegget før årsskiftet, seier Moltudal.

For nokre år sidan vart ein ny trasé sett ut ved Ørsta skisenter, men desse planane vart lagt litt på is grunna store kostnader.

– Målet har vore å få utvida heile området opp til femte stolpe. Dette er noko som vi har lyst til å arbeide vidare med no framover. Det viser seg at området er for lite når alle railande skal settast ut. Den yngre garde, frå 8–13 år, har eit litt for lite tilbod, og vi jobbar difor vidare med utbyggingsplanane, seier Stokke.

<strong>Ny tilkomstveg:</strong> Aurstad og underleverandør Bjørdal Maskin har stått for arbeidet med veg og park på Bondalseidet.