Det seier Arne Johan Rebbestad i Asko Eigedom AS. Han har hand om Mørebiltomta saman med Brødrene Vartdal AS (Jan Endre Vartdal og Sindre Vartdal) og HI Giørtz Sønner.

Lars Oscar Fossen har utfordra kjøpargruppa om å kansellere avtalen med kommunen om kjøp av Mørebiltomta. Det er uaktuelt.

– Vi vil setje opp eit bygg på Mørebiltomta som skal vere positivt for Ørsta, og vi jobbar med ulike modellar, seier Rebbestad.

Han seier at kjøpargruppa ikkje har fått nokon førespurnad om å etablere helsehus med legesenter på denne tomta, noko Fossen ivrar for.

I sommar skreiv kjøpargruppa avtale med kommunen der dei i fellesskap vart samde om å starte planlegging med tanke på gjennomføring av ei riving av Mørebilbygget snarast råd. Las Oscar Fossen meiner prosessen med riving går for seint.

– Fossen er ein kjempekar som har fått til mykje for Ørsta. I denne saka har han ikkje sett seg grundig nok inn i prosessen. Saka går sin gang, og vi har god dialog med kommunen, seier Rebbestad.