– Saka om språksamlingane og vitskaplege ordbøker blir løyst. Kunnskapsdepartementet har bestemt at Universitetet i Bergen tek over språksamlingane frå Universitetet i Oslo, seier ein nøgd direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Han takkar politisk leiing i Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet for viljen til å ordne opp, og språkvitskaplege miljø over heile landet for avgjerande samarbeid.

Nynorsk kultursentrum har arbeidd mykje med saka.

– Anar vi ein sjanse til resultat, gir vi oss ikkje, og dette tok trass alt berre eit år. No gler vi oss på vegner av språkforskarane og alle som bruker ordbøker, seier Grepstad.

Det står att å avklare mange praktiske spørsmål. Der har Universitetet i Bergen hovudrolla saman med Høgskulen i Volda.

– Vi gratulerer rektorane i Volda og Bergen og er trygge på at dette finn dei ut av.

– Det er styret som har spikra retning og mål, seier Grepstad. Han trur dei nådde fram gjennom ein samordna aksjon der dei kombinerte faglege argument, ein brei allianse av språkvitskaplege miljø, mange brev og avisoppslag, og samtalar med statsrådar, partileiarar og komiteleiarar.