Helseminister Bent Høie (H) kjem til Ørsta/Volda for å drøfte framtida til Volda sjukehus.

Det stadfestar kommunestyremedlem Rune Hovde (H) i Ørsta Høgre overfor Møre-Nytt.

Ørsta Høgre har vore i kontakt med helseministeren, og bedt han kome til Ørsta. Måndag svara Høie ja til det. Når helseministeren kjem er ikkje avklart, men det vil skje før jul.

Hovde og Ørsta Høgre hadde gjerne også sett at statsminister Erna Solberg kom til regionen, men er nøgde med at Høie så raskt har stadfesta at han vil kome for å møte lokale representantar.

- Ta føringa

Hovde og Ørsta Høgre ber den politiske leiinga i Ørsta ta førarrolla for å berge akuttkirurgien ved Volda sjukehus.

– Ørsta Høgre vil i alle fall invitere alle dei andre partia til å vere med på eit felles opplegg, og alle kommunane på Søre Sunnmøre må verte invitert med til ein felles kamp, seier Hovde.

Han meiner argumentasjonen til Høie for å fjerne akuttkirurgien i Volda er tynn.

– Det er viktig at det kjem ein nasjonal sjukehusplan. Men eg synest det vert for enkelt når det å kutte akuttkirurgien ved fem mindre sjukehus er det som skal berge Helse-Noreg. Dette er ei sak vi må ta på høgste alvor, seier Hovde.

Invitasjon

Omtrent samstundes med at Høie stadfesta overfor Ørsta Høgre at han kjem til Ørsta/Volda, sende ordførarane Stein Aam (Ørsta) og Jørgen Amdam (Volda) ein formell invitasjon til Høie. I invitasjonen vert Høie beden om å kome til Volda for å verte informert om Volda sjukehus, og kor uheldig ordførarane meiner det er for handsaminga av Volda sjukehus i sjukehusplanen at fylkesgrensa og føretaksgrensa mellom Sunnmøre og Nordfjord lagar ei kunstig hindring.

I samband med at Høie er invitert til Volda, ynskjer ordførarane Amdam og Aam å få i stand eit seminar for sentrale politikarar og tilsette på Søre Sunnmøre og Nordfjord for å få best mogleg innsikt i kommunane si framtidige rolle i helsearbeid, spesielt grunna prosessane i kommunereforma.