– Her i nærområdet trur nok mange at Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden allereie er godt kjent blant alle i toppturmiljøet, men slik er det ikkje. Vi har framleis ein lang veg å gå i marknadsføringa av området, både i Noreg og rundt om i verda, seier Karsten Gefle til Møre-Nytt.

Han er prosjektleiar for «Ski the Fjords», og får oppgåva med å spreie ordet om og utvikle Sunnmørsalpane som toppturdestinasjon.

Fem hotell

Sagafjord Hotel, 62o Nord (med Hotel Union Øye, Hotel Brosundet og Storfjord Hotel) og Juvet Landskapshotell har teke initiativet, som er støtta av Innovasjon Norge.

– Det er eit ekstremt stort potensial her. Vi har noko unikt med denne kombinasjonen av alpine toppar som stupar ned i ein flott fjord. Det er fantastisk å ha eit så bra produkt å selje, seier Gefle.

Han viser til at såkalla opplevingsturisme er eit av områda som er i størst vekst i reiselivsnæringa. Dette er ei kake hotella ved Sunnmørsalpane gjerne tek ein stor bit av.

– Vi vil for alvor ta opp kampen med meir etablerte toppturdestinasjonar, som til dømes Lyngsalpane. Vi håper å forlenge sesongen for reiselivet. Dersom vi får ein turistsesong som varer frå mars til godt ut på hausten, gir det eit langt betre driftsgrunnlag enn i dag.

Toppen av isfjellet

Karsten Gefle har vore profesjonell frikøyrar i mange år, og har eit stort nettverk i skimiljøet. No satsar han på å bruke nettopp dette nettverket til å nå ut til gjennom Ski the Fjords.

– Vi vil nå ut til «toppen av isfjellet», med andre ord opinionsleiarane i miljøet. Dersom dei får auga opp for Sunnmørsalpane, spreier dei ordet vidare. Då startar ballen å rulle for alvor.

Det treårige prosjektet er framleis i startgropa. No skal behova til potensielle kundar kartleggast og det skal gjennomførast visningsturar for sentrale aktørar. I dag er Noreg den klart største marknaden for toppturturisme. Slik forventar Gefle at det framleis skal vere.

– Men det er eit stort potensial internasjonalt. Når eg er leitar fram bilde frå Hjørundfjorden i utlandet, sperrar folk opp auga og spør «kvar er dette? Korleis kjem eg meg dit?». Sunnmørsalpane er eit svært eksotisk reisemål.

Samarbeid

Det har vorte teke fleire initiativ innanfor skiturismen i Sunnmørsalpane dei siste åra. Destinasjon Ålesund og Sunnmøre har definert Hjørundfjorden som eit satsingsområde, og driv mellom anna konseptet «Hjørundfjorden Rundt».

– Vi har godt kontakt med destinasjonsselskapet, lokale guidar og andre aktørar i området. Samarbeid er viktig for å få dette til. Det er nettopp difor desse hotella har gått saman. På sikt kan det godt hende fleire blir inkluderte i samarbeidet, forklarer Gefle.

Han skryt uhemma av utviklinga bygdene ved Hjørundfjorden har sett dei siste åra.

– Her er ein fantastisk lokalpatriotisme og ein vilje til å satse i alle bygdene langs fjorden. Når så mange trekker i rett retning, gir det eit stort løft for reisemålet som heilskap, seier Karsten Gefle.