Det er kome meldingar om rømt oppdrettslaks i fleire elvar i Møre og Romsdal i haust.

– Den første meldinga kom frå Ørstaelva, deretter frå Oselva i Molde kommune og no sist frå Driva i Sunndal kommune. I tillegg er det kome melding om fangst av regnbogeaure i Ørstaelva, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Over 100 fisk

Regionkontoret i Ålesund har no starta prøvetaking for å prøve å fastslå kvar oppdrettsfisken kjem frå.

– Førekomsten av rømt oppdrettslaks er relativt stor over store delar av fylket. Det gjer at vi ser på dette som tre akutte hendingar for laks. For regnbogeauren er situasjonen meir uavklart. Vi har difor starta arbeidet med å følgje opp situasjonen med tanke på å avdekke kjeldene og vurdere avbøtande tiltak, seier regiondirektør Kristin Skarbøvik i Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal.

Variasjonen på fiskestorleiken er stor, frå 0,8 og opp til 6 kg. I Ørstaelva ligg hovuddelen av den rømte laksen mellom 2,5 og 4 kg. I Oselva og Driva er fisken stort sett mellom 3 og 4 kg. Regnbogeauren i Ørstaelva varierte frå 0,3 til 2 kg.

Tidlegare i haust melde elveeigarlaget i Ørsta at det var fanga om lag 100 oppdrettsfisk i Ørstaelva. I slutten av september melde Sunnmørsposten at det var rapportert ei rømming frå Marine Harvest sitt anlegg i Rovdefjorden. Det er likevel ikkje på det reine om dette er kjelda til den rømde fisken.

Fiskeridirektoratet har også fått melding om mindre fangstar og observasjonar av rømt oppdrettsfisk frå mellom anna Eira i Nesset, Isa i Rauma, Batnfjordelva i Gjemnes, Solnærelva i Skodje og frå Dalsfjorden i Volda.

Har teke prøver

Det er henta inn prøver frå fanga fisk i Ørstaelva, og referanseprøver frå aktuelle anlegg med laks i området. Desse er no til analyse hos Havforskingsinstituttet. Arbeidet med å hente inn data er kome godt i gang i Molde, medan det blir gjort innleiande undersøkingar i Driva.

Fiskeridirektoratet ønskjer tips om mogleg rømt fisk, og oppmodar folk om å ta kontakt om dei veit noko. Vaktsentralen til direktoratet er døgnopen, og har tlf. 03495.

Direktoratet varslar ei oppdatering på situasjonen i løpet av neste veke.