Tysk grammatikk var det som fasinerte Tor Arne Haugen (35) frå Valdres, mest på skulen i ungdomsåra.

Språkinteressa har han i aller høgste grad halde ved like, og no er han den desidert yngste professoren ved høgskulen. Men det var ikkje hovudsakleg i tysk Haugen tok med seg arbeidet med språk vidare i livet.

Etter kvart peila han seg inn på nordisk, og dei siste åra har det handla om norsk for 35-åringen som i slutten av september fekk opprykk til professor. Professor i norsk språkvitskap er tittelen han ber.

I underkant av halvparten av arbeidstida til Haugen er sett av til forsking, mens den andre halvdelen underviser han. To år på HVO har gått, og Haugen fortel at han stortrivst.

– Det har vore to veldig fine år. Eg har fått gode moglegheiter til å drive med forsking, og er glad for fridomen som er her til å følgje eigne interesse. Det har vore med på gjere at eg fekk professor-tittelen såpass tidleg. Eg trivst veldig godt i Volda, og ser føre meg å verte verande her, seier Haugen.

Frå før var det Johann Roppen som var den yngste professoren. Den tittelen fekk han i ein alder av 44 år.

Per Straume/HiVolda