Det meiner Geir Mo, distriktssjef i Scandinavian Storage Group, som leverer innredningsløysingar til næringslivet. Han meiner det store innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre er ein dårleg idé.

– Dette føyer seg inn i rekka av den sentraliseringsiveren vi ser overalt i det offentlege. Argumentet er at det skal vere rimelegare med store innkjøp, men det skal jo byggast opp ein eigen organisasjon og eit byråkrati som skal ta han om fellesinnkjøpa. Slikt kostar også.

Les også: – Store innkjøp betyr nedbygging lokalt

I det private næringslivet har store innkjøp gått av moten, ifølgje Mo.

– Her ser vi ei rørsle andre vegen. Der er ansvaret for innkjøp flyta nedover i systema att, ofte heilt ned på avdelingsnivå, seier Mo.

Les også: – Må følgje reglane

Han meiner kommunane har eit for snevert syn på innkjøpssystemet.

– Når fleire lokale bedrifter varslar at dei kanskje må nedbemanne som ein konsekvens av at dei ikkje får kommunale kontraktar, er det grunn til rope eit varsku. Følgjene av dette er ikkje like opp i dagen som følgjene av nedlegging av sjukehus og domstolar, men dei er like fullt alvorlege. Vi står i fare for å tape kompetansearbeidsplassar.