I første omgang handlar det om eit valteknisk samarbeid, der dei tre partia går saman, og fordeler plassane i formannskapet, levekårsutvalet og samfunnsutvalet seg i mellom.

– Men vi er samde om å gå vidare, og sjå på ein felles plattform for saker som gjeld miljø og barn og unge. Der har vi mykje felles, seier Anne Ellingsen, som gjer comeback i kommunestyret for Venstre.

Dei tre partia såg raskt etter at valresultatet var klart at dei hadde felles interesser i eit valteknisk samarbeid. Kvar for seg har partia for få mandat i kommunestyret til å vere sikra plassar i formannskapet og utvala. Med fire mandat samla, er dei sikra ein plass i formannskapet og ein plass i kvart av dei to hovudutvala. Det er klart at Gunnar Knutsen (V) får plassen i formannskapet, medan Marit Aklestad (SV) får plassen i levekårsutvalet og Frida Gillberg (MDG) får plassen i samfunnsutvalet. Venstre får 1. vara til plassane i begge utvala, medan SV får fyrste vara og MDG andre vara til formannskapet.

– Allereie då vi stod på stand var det ein lausleg prat om at vi hadde mange felles saker, og burde samarbeide i det nye kommunestyret, seier Bjørn Helset frå MDG.

Dei lause samtalane er følgde opp, og det er klart at Venstre, SV og MDG vil ha felles front i nokre saker. Særleg gjeld det miljøsaker og saker som gjeld barn og unge. Då handlar det om trafikktrygging, plansaker og klimasaker. Døme er nedsette fartsgrenser der dette vil vere langt rimelegare enn dyre gangfeltprosjekt, sikre miljøstempel i ymse kommunale planar med å vere tidleg inne i prosessen og å skifte ut kommunen sin bilpark med bilar drivne på fossilt brennstoff til elbilar.

– Og då må vi ha ladepunkt. Her fungerer det støtteordningar som gjer at dette ikkje vert så dyrt for kommunen, og slike ladepunkt kan jo også nyttast av den private bilparken, seier Helset.

Dei tre partia vil ikkje vere for konkrete på saker dei skal samarbeide om enno, men fortel om at dei er samde om å leggje gruppemøta til same tidspunkt, slik at dei lett kan ha felles møte dersom det skulle verte behov for det.

– Som einsleg representant for mitt parti i kommunestyret, vil det vere godt å kunne ha eit slikt samarbeid å lene seg til, seier Aklestad.