I 2005 vart kvinna tilsett av Volda kommune. I 2008 vart ho omplassert, og bakgrunna var m.a. samarbeidsproblem med andre tilsette. I 2011 fekk kvinna varsel om at ho vart vurdert sagt opp grunna at kommunen ikkje hadde tillit til at ho utførte arbeidet sitt innanfor gjeldande retningsliner. Arbeidstakaren sa ikkje opp kvinna, men ho fekk ei skriftleg åtvaring med etterfølgjande oppfølging. I slutten av 2014 fekk kvinna på ny skriftleg åtvaring. Det vart heldt drøftingsmøte mellom partane, og kvinna vart sagt opp i starten på 2015.

Etter oppseiinga og mens saka har stått for retten har kvinna erkjent at ho urettmessig har vore inne på journalar til brukarar ho ikkje har relasjon med. Ho har erkjent at dette har skjedd tre gonger. Retten meiner at dette er eit alvorleg forhold som kan gi grunnlag for sakleg oppseiing.

Etter at retten hadde vurdert dei ulike punkta i saka kom dei fram til at det ikkje vil vere urimeleg at kvinna held fram i stillinga til saka er endeleg avgjort. Oppseiinga vert ikkje teke til følgje, og kvinna får 59.425 kr i erstatning frå Volda kommune.