– Per no har vi ei, kanskje to, ledige tomter att på Øvre Mo. Så der er det straks heilt fullt, seier Arnstein Nupen, konstituert stabsleiar for plan og utvikling i Ørsta kommune, til Møre-Nytt.

Sjekk kvar det er ledige tomter i Ørsta i kartet over.

Til saman er det om lagatten ledige tomter i og rundt Ørsta sentrum. Dei aller fleste av desse er i Osmarka, mellom Rystefeltet og Ose. Her er det 12 ledige tomter. I tillegg er det  tre ledige tomter i Sætrebakkane nord for sentrum og éi ledig tomt like ved Hovden skule.

– Dei siste åra har vi sett at Øvre Mo har vore det mest attraktive området. Den første delen av dette feltet vart lagt ut i 2008, medan andre del vart lagt ut i 2012, forklarer Nupen.

I Osmarka er om lag halvparten av tomtene selde.

– Etterspurnaden er ikkje like høg som på Mo, men eg synest salet er bra her også, seier Nupen.

Ny utviding på Øvre Mo

– Er tilgangen på tomter god nok per i dag?

– Vi har nok av tomter som er sentrumsnære, med god tilgang til friluftsområde og nær viktige funksjonar som skular og barnehagar. Men så er det jo slik at alle har sine preferansar for kvar dei vil bu. For nokre er kveldssola i sommarhalvåret viktig. Då er Osmarka veleigna, men dei må tole lite sol om vinteren. Om sol heile året er viktig, er Øvre Mo betre eigna.

Nupen presiserer at kommunen berre har oversikt over dei kommunale tomtene. Eventuelle private tomter og prosjekt kjem i tillegg.

I kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda, som vart vedteken av kommunestyret i vår, er fleire område sette av til bustadføremål.

– Personleg trur eg ei ny utviding av Øvre Mo er det første som kjem, mellom anna fordi etterspurnaden har vore størst her. Men grunneigarane står fritt til å lage reguleringsplanar og bygge ut utan at kommunen er med, seier han.

Flest på Nordre-Vartdal

På bygdene i kommunen er det Nordre-Vartdal som har størst tilgang på tomter. I Steinholen på sørsida av bygda er 11 tomter ledige.

I Sætrefeltet på Søre-Vartdal er seks tomter ledige, men for fire av desse er ikkje naudsynt infrastruktur (veg, vatn, avløp) på plass.

I Bustadfeltet i Barstadvik er tre tomter ledige.

På Sæbø er det to ledige tomter på Sæbøneset.

<strong>– Meir på Øvre Mo:</strong> Arnstein Nupen, konstituert stabsleiar for plan og utvikling i Ørsta kommune, trur det snart kjem ei ny utviding av bustadfeltet på Øvre Mo.
<strong>Osmarka og Øvre Mo:</strong> I kartet er Osmarka (lengst til venstre) og Øvre Mo merka med raudt. Øvre Mo har vore det mest attraktive området med kommunale tomter dei siste åra. Her er det no berre ei eller to ledige tomter att. Osmarka er området med flest tilgjengelege tomter per no. Her er det 12 ledige tomter. Kart: Sunnmørskart