Dette gjeld på strekningane Lystad/Sætre og i Bondalen.

Stein Aam har i denne perioden site i samfunnsutvalet i kommunen, og Aam var med på eit fellesframlegg i siste møte i utvalet, der utvalet som  trafikktryggingsnemnd peikar på at det ikkje har vorte tilstrekkeleg utbygd og utbetra vegar og gangfelt frå tidlegare skyssreglement i kommunen til nytt reglement. Utvalet ber difor om at skuleborna på dei to strekningane vert inkludert i skyssordninga vidare. Samfunnsutvalet ber også om at det vert lagt fram ein plan for tiltak for tryggare skuleveg.

– Samfunnsutvalet vil prioritere trafikktryggingsarbeidet i neste periode, og oppmodar om at det blir oppnemnd ei eiga arbeidsgruppe, går det fram av vedtaket. Det vart vedteke med 9 mot 0 røyster. Bak vedtaket står Inge Kolås (Frp), Pauline Vartdal Vinjevoll (Frp), Anne-Lise Masdal (V), Ivar Yngve Krøvel-Velle (KrF), Rigmor Vartdal (H), Jostein O. Mo (Ap), Karen Høydal (Ap) og Stein Aam (Sp). I førre veke vedtok levekårsutvalet at skyssreglementet vert ståande.