Det meiner leiande helsesøster Ingun Håheim Fjørtoft. Då politikarane i levekårsutvalet i kommunen i førre veke var på synfaring på helsestasjonen i Dalevegen, fekk dei høyre at lokala er ueigna til å opprette helsestasjon for ungdom der, og at det også er for få ressursar til dette.

Felles

Ørsta og Volda kommune har i dag felles helsestasjon for ungdom i kjellaren på rådhuset i Volda. Han er open kvar tysdag. Det er ikkje timebestilling og tenesta er gratis. På helsestasjonen kan unge få hjelp med ulike problem knytt til fysisk og psykisk helse som t.d. prevensjon, klamydiatesting, depresjon, angst, rusproblem, eteforstyrring, smerter, kriser, menstruasjonsplager, seksuelle vanskar m.m. På helsestasjonen kan ein få snakke med helsesøster, jordmor, lege og psykolog. Alle har teieplikt. Også helsesøster frå Ørsta er på helsestasjonen i Volda.

I Ørsta vart helsestasjonen for ungdom lagt ned i 2009, samtidig som kommunen la ned helsestasjonen på Sæbø og Vartdal. Dette førte til auka pågang på helsestasjonen i Ørsta sentrum som ligg vegg i vegg med legesenteret. Ingun Håheim Fjørtoft fortel om høg aktivitet på helsestasjonen.

Fullt køyr

– Her er fullt køyr heile tida og vi har full pakke med aktivitetar alle dagar. Vi har tre-fire helsesøstrer i sving her på same tid fleire dagar i veka. Av og til har vi også to jordmødrer i arbeid på ein gong, fortalde Fjørtoft som også minte om at flyktningane i Ørsta også skal ha helseundersøkingar på helsestasjonen, og at dette også krev ressursar.

Ressursmangel er ein ting, gammaldagse lokalitetar er også ei hindring for å gjenopprette helsestasjon for ungdom, meiner Fjørtoft. Ho viser til toalettforholda.

– Ofte tek unge urinprøve. Og her på helsestasjonen er kundetoalettet plassert slik at «alle» kan sjå kven som går på do. Dette er uheldig.

Det er langt fleire voldingar enn ørstingar som nyttar helsestasjonen for ungdom i Volda.

– Viss det er mogleg må vi få tilbake helsestasjon for ungdom i Ørsta snarast, meinte Odd Magne Vinjevoll (Frp).

Rådmann Wenche Solheim gjorde det klart at ein må auke ressursane med lege og helsesøster for at det skal vere ein realitet. Elles ber levekårsutvalet om ny sak før nyttår.