Tafjord Kraftvarme AS på Grautneset, som tek imot hushaldsavfall frå mellom anna Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR), opplever at altfor mykje glas og metall hamnar i forbrenningsomnen.

– Når metall hamnar i omnen og vert brent saman med det andre avfallet på rundt 950 grader, vert kvaliteten så mykje redusert at prisen ein får for metallet er mykje lågare enn det ville vore om det vart levert rett til gjenvinning, seier salssjef for avfall hos Tafjord Kraftvarme, Richard Nilsen.

Nilsen tykkjer VØR er på rett veg når det interkommunale selskapet frå årsskiftet går i gang med frivillig innsamling av glas- og metallemballasje, og legg opp til at ordninga skal verte obligatorisk frå og med 2017. Så langt har vel 900 VØR-abonnentar meldt seg på   prøveordninga.

Tafjord Kraftvarme AS brenn årleg 96.000 tonn avfall i dei to omnane på Grautneset.

– Av dette vert det att ca. 20.000 tonn med slagg. Sidan vi sorterer ut metallet, veit vi at det dreier seg om rundt 1.180 tonn.

At folk kastar mykje rart i restavfallsdunken, kan Richard Nilsen skrive under på.

– Vi finn restar av steikepanner og kasseroller og til og med bildelar og hengarfeste har vi funne i restavfallet. Det er heilt unødvendig. På Sunnmøre er det godt utbygd nett med miljøstasjonar. Metall er til og med gratis å bli kvitt, seier han.