Alt er no klart til ny tilkomst til Ørsta skisenter. Ein avtale med grunneigarar i området sikrar ein betre veg til senteret.

– I kommunedelplanen for Bondalseidet vart ny tilkomst til Bondalseidet lagt inn. I etterkant kom saka med den nye 420 kV-lina, og transformatorstasjonen i Hovdenakken. Han utløyste krav om veg, og dermed kom også Statnett på banen, fortel spesialrådgjevar Svein Silseth i Ørsta kommune.

Løysinga vart at Statnett bygde det meste av den nye tilkomstvegen til Bondalseidet, men ein parsell på om lag hundre meter stod att før den nye tilkomsten kunne seiast å vere ferdig.

Statnett såg ikkje på den siste parsellen som deira prosjekt, og det har vore forhandlingar mellom grunneigarane, Ørsta skisenter og Ørsta kommune. For nokre veker sidan vart partane samde, og ein avtale vart gjort.

– Det har vore vilje frå alle partar til å finne ei god løysing, understrekar Silseth.

Føremålet med den nye tilkomstvegen er å sikre ei betre trafikkavvikling for Ørsta skisenter AS.

Slakare tilkomst

Når den nye vegen er heilt ferdig om nokre veker, vil dei som vitjar Ørsta skisenter kunne køyre ein mykje slakare veg opp til sjølve skisenteret.

Den gamle tilkomstvegen skal då nyttast til nedkøyringa til fylkesveg 655.

– Dette gjer at vi får ei rundkøyring som sikrar betre trafikkflyt, at bilar ikkje vert ståande fast på veg opp, og vi unngår parkering langs tilkomstvegen som berre forverrar trafikkflyten, seier Silseth.

Det er K.A. Aurstad som skal byggje den siste parsellen, og arbeidet skal vere ferdig til den fyrste snøen kjem.

Den nye tilkomstvegen er berre eit av nyhenda på Bondalseidet til komande skisesong. Det har også vorte gjort mykje arbeid med den nye traseen til Åmskaret.

– Også her har kommunen medverka i forhandlingane med grunneigarane, fortel Silseth.

Fyrste etappe med den nye traseen er klar, slik at traseen kan nyttast til skisesongen.

– Den neste etappen vert å klargjere traseen til sommarbruk, fortel Silseth.